mandag 21. desember 2009

I would throw my life away, If I could catch just another day with you

















Beware of the dragon.. Alle bilete minus nr 3 er frå Yvan Rodic sin bilets-blogg..



Tittel & Soundrack:carpark North- "peace/Lost"

søndag 20. desember 2009

Eg veit eg er heime når..

Heile rommet er fullt av "gormittiar"(nokon eventyrtroll som liknar litt på pokèmon) og landsbyen deiras, og eg får streng beskjed frå Vetle at "Du må ikkje rase dei, eller rote oppå dei" I eit slik no-skal-eg-fortelje-deg-ein-ting-tonefall!

Nokon kalde føter kryp seg inn under dyna på mogonkvista og han kviskrar: kva tid skal du stå opp Mariaaaa??Kan eg få fiskepudding til frokost?

Når huset plutseleg er fullt av sjuåringar og hundar og kattar og liv og latter og pepparkakebaking.

Når eg må love å vere med å renne i akebakken.

Når eg kan sove leeenge og våkne til at mamma har hengt opp pakke til meg i advendtskalenderen. Og eg kjenner meg litt for vaksen, men gleder meg som ein liten unge uansett:)

Når eg går på juleavsluttning i menigheta utkledd som julestjerna og har lyst til å klemme alle uansett om eg kjenner dei eller ikkje, berre fordi det er godt å vere heime!



Det er så godt å vere heime. Me skal hogge vårt eige juletre i skogen, og nå skal eg ut å måke snø! Trur at julestemninga snik seg inni hjarta og minner meg om at det er godt å fylle denne mørke tida med mennesker ein er glad i, god mat,stearinlys,lillebrødre og Jesus!

God Søndag, god høgtid , god heimetid,god juuul til alle saman:)

onsdag 16. desember 2009

Forresten!

Eg trur at mannen med den blå snekkerbuksa er frå eit anna land..kanskje han er frå polen eller romania, eller estland! viss han er frå estland kan eg snakke med han på estisk.
Og på tirsdag så røyka han ikkje cigar..berre vanleg røyk. eg lurer på om han feirer noko når han tar seg ein cigar, eller om det har noko med lønna å gjere.. om han har familie utpå bygda..Hmm eg lurer på kvifor eg er så fasinert av han..(han ligner litt på nissen i grunn..;) minus skjegget også er han veldig høg..) Har alltid hatt lyst på ein gammal person som ven, dei er så vise og kloke og har monge morosamme historiar å fortellje frå gamle dagar..

jaja!to be continued.. (hvis han fortsatt tar same tog som meg etter jul då;)

Jul i stua


No sit eg i stua og pakkar inn julegåver!
I går hadde eg ingen, no har eg desse klar:


så glad, jammen santen..det skal eg byrje å sei:D
God jul, i morgo reiser eg heim til vestlandets milde vèr og vind!

tirsdag 15. desember 2009

Favorite band of all times!

Eg er sikker på at Carpark North(link til myspace) er mitt favoritt band gjennom alle tider!

Det starta med at eg fekk ein cd av ei venninde på vgs, så berre balla det på seg!
No 3-4 år etter det starta, når eg høyrer ein av songane deiras så klarer eg ikkje å la vere å synge med!

elsker synth, elsker rare tekstar, elsker alt som er åttitallsinspirert, elsker trommene! berre høyr.. her er nokon av mine hjarte-songar:



søndag 13. desember 2009

Om å reise på eventyr.

bilete frå kewlejewlie.blogg.no
Eg skal veldig snart reise til Colombia. Der snakkar dei spansk og er vakre og brune i huda.
Eg skal lære meg litt spansk og forhåpentlegvis bli litt brun i huda.

(Kanskje eg treffer ein som heiter Benjamin som skjeler litt med augo, er brun i huda og er skjønn. Då skal eg seie til han at eg har laga ein slik karakter på Nintendo Wii`en heime i Noreg. Og at der er hans karakter kjerast med min karakter, som heiter Mariaiaiaa.)

Også ska eg sjå kjære Kristine att, og antagelegvis klemme på både ho og monge vakre colombianske born. Også skal eg synge og være med i menigheitar og senter. Og synge songar frå hjate mitt til nokon andre sitt hjarte. Fordi eg trur det kan gjere ein forskjell!

Eg gler meg <3

Nb: Også må eg hugse på at på tur med Jesus treng ein ikkje å vere redd for å fly lenger. Og det er bra det..

fredag 11. desember 2009

Om å ta toget frå Oslo S

Eg skulle ønskje at mannen men den blå snekkerbuksa som ser ut som ein koseleg bestefar,satt seg i ei vogn "med konduktør" slik som meg. Slik at eg kunne sette meg ved sida av han og lukte på cigarlukta. Og kanskje, om eg torde, spørje kva han heita. Og om han visste at me alltid tar toget saman på tirsdagar..

Eg skulle ønskje at eg kunne gje penger til alle tiggerane, utan at eg var redd for at dei skulle bruke dei på stoffer som øydelegg liva deiras..

Eg skulle ønskje at mennesker på toget snakka samen. Om så, berre om veret;)

Eg skulle ønskje at alle menneskene som hastar att og fram på Oslo S, visste at dei var elska så høgt! Og at dei våga å elska att.

Eg skulle ønskje at alle togkonduktørane høyrte på hip-hop musikk kjempe høgt frå mobilen sin og sang med, slik som ho på toget i går:)

torsdag 10. desember 2009

Om å danse på badet..

..Og tøffe seg litt..
..med eit kamera i handa!










Også gå ut på terassen etterpå fordi det er så varmt å danse på badet...

onsdag 9. desember 2009

Om å skrive ein song

Nokre gonger kjem det melodiar og rytmar og tekstar rasande ned i hovudet mitt. Då kriblar det i fingrane og i råkkefoten. Alt kan beskrivast med eit piano, og ein hals. Skulle ønske livet mitt var eit klassisk musikkstykke som ikkje hadde tekst..
For nokre gonge så øydelegger teksten melodien.

Eg trur at ord har makt til å skape forventning,hygge,liv og daud. Men melodiar er allereie levande når dei kjem ut! Dei lever og hopper på molekyla i lufta og slår og denger på trommehinner. Melodiar,takt og tone snakkar inn i sjela dei..
"What is soul? It's like electricity - We don't really know what it is, but it's a force that can light up a room" Ray Charles.(Stal dette frå denne bloggen,Sh, det er ein løyndom)

Ein kan seie det same om musikk in general,synes eg.
Eg synes og at det er rart at mykje av budskapet i mykje musikk(IKKJE ALL altså,eg vil ikkje greia alle under ein kam,det liker eg ikkje) handlar om å fortelje oss lytterar at hjerte rimer på smerte, You Two, eller rain pain. Og sjeldan så mykje meir. Eg vil vite meir... Vil du?

Det finnes så monge mysterier, kva er ei sjel, kva er lydbølgjer og musikk, elektrisitet, kvifor er ditt og kvifor er datt. Difor er det viktig å ikkje begrense segsjølv, livet er så mykje større en det som skjer med meg i dag.

Blodet pumpar,
og sjela syng blues.
Vinden ular
og all energien som blir brukt opp i verda nett no

den forsvinn aldri

den berre forandrer seg til noko anna.

Boys like you and girls like me dress up for a partey









Dont feel stupid trying to be cool,

all the cool kids are trying to be cool.

And thats what make the world go `round

Boys like you

and girls like me

dress up for a parteey

dress up to become something else

maybe to forget

maybe to be free
But in the end
...
Who do you want to be?

lørdag 28. november 2009

Om å vere ein beskuar..

på trikken
på gata
i butikken
i sofaen
i benkeradene
i armkroken
på sykkelen
i klasserommet
på internett
i kyrkja
foran tven
på tur
heime


På trikken på veg til pianotime satt eg og tenkte: " alle desse menneska på trikken som skal ut på eventyr i dag, dei sit og ser ut or vindauget,prøver å ikkje sjå nokon inn i augene, vedlikehalde trikkenormene. Kva tid blei eg som dei? Eg ser dei inn i augene i dag tenkjer eg:)"

Ut på eventyr ja, me reiser alle med trikken til nokon me er glad i, for å handle noko fint, for å gjere noko me gruer oss til, eller berre heim. Men så er det slik at me sitter på trikken saman, reiser saman, nokon skal av før andre, nokon har med seg dei vakraste babyane ein kan tenka seg med afro-hår med små fargerike strikkar i som minner deg om Botswana-babyane. Nokon er kjekke, andre er vakre, nokon er vise, nokon er redde, nokon tørr ikkje å smila, men har så veldig lyst og gjer det allikevel slik at det ser litt skummelt ut om du møter blikket deiras. Og så er me alle på same trikken, på veg.

Dei dagane når eg har vore heime heile dagen lang og sett på eventyrfilm og spist vårrullar og drukke kakao og skal møte ein pianolerar som er eit fantastisk flott menneske som får deg til å tenke at du kan klare alt du vil i heile verda. Då ser eg dei. Dei på trikken.

mandag 16. november 2009

Take a loook inside...

.My journal.. Veldig personlig egentlig, så dykk får berre sjå tegningar;)









Eg skriv og tegner og rabler og river det eg føler ned i denne boka. bønner og bønnesvar. mirakler og tårer,historiar og spørsmål, frustrasjon og glede.. Til Gud, fordi Han vil være der gjennom alt.

søndag 15. november 2009

Del to: Tryggleik


Fortsettelse:

I det same sekundet han nevna navnet Hans, kjende han ei hand gripe fast om armen og dra han ut or kulden.


Peter visste at han var trygg. Han hadde inga aning om kvifor han visste dette, han var blaut og kald og midt utpå sjøen i ein storm. Men Jesus haldt han fast. Og han høyrte han seie:

-Så lita tru du har, kvifor tvilte du på meg?

Jesus leda han tilbake til båten, og med eit var sjøen, vinden og kulden vekk. Dei andre disiplane stod og måpa. Og når dei fekk samla seg så satte dei igang å rose Jesus, og klappe Peter kameratsleg på skuldera. Nokon lo letta, mens andre tørka bort tårer. Andre hoppa kring og sa:

-Seriøst! Du er i sanning Guds son!

Peter berre satt seg ned, nær Jesus. Og tenkte over det Jesus hadde spurt han om rett etter han drog han opp or sjøen. Kvifor tvilte eg på Jesus? spurte han segsjølv. Eg gjekk på vatnet, midt i stormen, og brått starta eg å tvile på at det i det heileteke kunne gå an. Eg var der jo allereie, Gud hadde allereie vist seg trufast mot meg, gjennom Jesus rett foran meg!

Monge spørsmål datt ned i hovudet til Peter, men etterkvart var det ingenting som kunne måle seg med at han faktisk hadde gått på vatnet . Og at Jesus ville aldri lede han ut i fare. Aleine, på eigahand var det farleg ja. Men han visste at han alltid ville vere trygg saman med Jesus.

fredag 13. november 2009

Makin` a mess!

Eg søler alltid når eg maler..tilogmed når eg maler negler!





No er eg i Skien! Godt å sjå alle menneska eg er så gla i her! Godt for hjarta.
Syng og ver glad er det eg gjer på skal du sjå fordi eg har med meg gitaren min:)

Del ein: Storm


Eg har vore på retreat eit døgn. Eg visste ikkje kva det var før eg kom der. Retreat viste seg å vere avslapping, ro og meditasjon. Noko som var veldig bra for meg!
Der tenkte eg nokre tankar om Matt 14:22-33..

Les ein historie gjennom mine auge:) Del to kjem på søndag!



Det var storm, Peter var eigentleg trygg i båten saman med dei andre. Men dei var redde når dei såg han, gåande på vatnet. I mens dei andre ropte og peika mot skikkelsen, kjente Peter han igjen. Og han ropte til Jesus gjennom stormen:

-Er det verkeleg deg, så sei at eg skal komme ut til deg på vatnet!

-KOM, sa Jesus...

Oi, der hadde han verkeleg gjort det store! Invitert seg sjølv til å hoppe ut or den trygge båten midt i ein storm. Det var det dei andre disiplane tenkte då Peter sprang mot ripa for å gå mot Jesus. Men Peter tenkte berre:

-Det er Jesus! Eg skal få gå på vatnet med Han!!

Han hoppa or båten, og tenkte ikkje meir over vatnet under beina, en at det skulle vore fastland. Han såg på Jesus, utan å tenkje seg om. Han gjekk med modige skritt over dei kalde bølgjetoppane. Han kunne tilogmed sjå anletet til sin gode ven og herre i måneljoset, enndå det framleis var ganske monge meter mellom dei.

Brått høyrte han noko som ropte, eller brølte mot han! Det var ei gigantisk bølgje på veg rett mot han. Han kjente at balansen vingla att og fram, underlaget han gjekk på var så ustødig. Ei salt bølgje smalt rett i anletet hans. Og han kjente at pusten vart slått ut or han.

-Nei! kvar er Jesus?? Alt eg ser eg bølgjer, kulde og vind! Tenkte han.

Han kjende at det kalde vatnet drog i føtene, og steig sakte oppover beina. Han skreik av kulde og frykt. Enndå ei bølgje slo over kroppen. Denne gongen trudde han at den skulle dra han heilt under med seg. Men på eit mirakuløst vis hadde han fortsatt armane og hovudet over vatnet.
Med sine siste krefter trakk han eit djupt pust, og ropte av full røyst:

-JESUS! REDD MEG!!

I det same sekundet han nevna navnet Hans, kjende han ei hand gripe fast om armen og dra han ut or kulden.